Om oss

I 1945 vart det født ei lita tulle som fekk navnet Anna Kristine Årethun. Ho vaks opp på det som no vart heitande Kristengarden på Strendene, men som tidlegare hadde navnet Årethun.

Vår Mommo, Anna, har våre vår største inspirasjon og om me får seie smittekjelde, når det kjem til å ivareta alt av dei matressursane me har rundt oss – da spesielt frukt og bær.

Sidan me var små har me tilbrakt sumrane blant bringebærrendene og i morelletreda. Me har krabba på bakken etter jordbær, hatt ståande dessertbuffet inni ripsbuskene og duppa rabarbrastanga i koppen med sukker – Hærlege minner!


Hang det at nokre fine moreller i toppen av treet, vart me sende opp på klatretur, men nådde me dei ikkje, ja da var det fram meg sagi. Dei siste 4 bringebæra for sesongen skulle sjølvsagt også plukkast. Skulle det visa seg, ein sjelden gong, at ein rett og slett ikkje rakk å hausta inn før det vart for seint, så levde ho med stor sorg, i alle fall den veka…. Bærsjuka, kalla me det – og den ser ut til å væra arveleg

Anja og Silje heiter me – og er sysken. I tillegg til å ha arva den berømte bærsjuka så er me svært opptekne av kortreist og rein mat. Og med rein mat, så meinar me mat som ikkje er prossesert 10 gongar før den når gapet og som ikkje er tilsett tilsetjingsstoffar ein ikkje klarar å uttale namnet på…


Årethun Foredling er stifta med den hensikt å redda mengdar med frukt og bær frå å bli destruerte eller å rotne vekk på greina eller buska dei heng på. Me er rundt om i private hagar, hjå bonden eller på pakkeriet, Ja der det er gode råvarer som står i fare for å bli ein del av svinnstatistikken. Desse råvarene videreforedlar me til ærlege, sunne og smakfulle produkt som til dømes fryseturka frukt og bær, saft og syltetøy og mykje anna godt. Saman tek me vare på lokale ressursar og bidreg i #Kampenmotmatsvinn

Kontakt oss

Om du har råvarer som treng reddast, ris eller ros, ynskje om samarbeid eller har andre spørsmål, kontakt oss gjerne på

Telefon 97983858
E-post arethunforedling@gmail.com

Besøk oss

Besøk oss gjerne i vårt eige utsal i Øyragata 18 i Lærdal

Opningstider
Laurdag 10-16

Google maps