#Kampenmotmatsvinn

I oppstartsåret vårt 2023 redda me 3,5 tonn med frukt, bær og grønnsaker. I 2024 har me eit mål om å klare minst 6 tonn, men då treng me di hjelp!

Har du frukt eller bær i hagen din som du ikkje skal nytte sjølv? 
Kanskje har du utsorterte råvarer frå garden din som ellers ville blitt kasta?
Uansett årsak, så håpar me at du ynskjer å være med å ta vare på alle dei fantastiske ressursane me har her i Sogn og gjev oss muligheta til å gje råvara nytt liv! Om det er 1 kg rabarbra, 10 kg eple eller 500 kg gulrøtter så vil me gjerne høyra frå dykk. Vårt endemål er at alle private og matvareprodusentar i sogn vil nytte oss som automatisk "siste" stopp før råvarene endar i Festingdalen eller råtnar vekk.

Me reiser rundt og haustar så mykje som me har både hender og timar i døgnet til i sesong, men av erfaring frå i fjor, så kan det hopa seg opp med modne råvarer på same tid og tida strekk ikkje alltid til - har du difor anledning til å hauste råvara for oss så avtalar me nærare vedr. henting.

    

Kva type frukt, bær og grønnsaker ynskjer me?
Alt! I 2023 fekk me inn;
aprikos, ville kirsebær, moreller, rabarbra, solbær, stikkelsbær, rips, jordbær, bringebær, eple, pærer, druer, aronia, plommer, gulrøtter, spaghettigresskar, krekling, blåbær, tyttebær og multer!
Me blir over oss av begeistring kvar gong det har dukka opp nye spennande råvarer - skulle du væra i tvil, ring oss og spørr! :)


Får du betalt for råvara som me hentar i hagen din?

Som takk for at me får redde fantastiske råvarer frå hagen din får du eit gåvekort som du kan nytta i butikken vår. Det vil bli rekna ut verdi utifrå mengda og type råvare og dersom du haustar det for oss vil det sjølvsagt også bli lagt til i verdi på gåvekortet. Gåvekorta utleverast Oktober/November og har ein varigheit på 1 år. 

Saman tek me vare på lokale ressursar i #Kampenmotmatsvinn