Kjøpsvilkår

1 Avtalen

Avtalen består av desse salsvilkår, opplysningar gitt i bestillingsløysninga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så framt det ikkje strider mot ufråvikeleg lovgiving.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovavgjersle som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbruker.

2 Partane

Seljar er Årethun Foredling, Strendene 98, 6887 Lærdal, Tel.: 979 83 858, e-post: arethunforedling@gmail.com org.nr.: 931 418 319, og omtalast i det følgande som seljar/seljaren.

Kjøper er den forbrukaren som føretek bestillinga, og omtalast i det følgande som kjøper/kjøparen.

3 Pris

Den oppgitte prisen for varen er den prisen kjøper skal betale. Frakt kan kome i tillegg, men kunde vil bli informert om den totale prisen før kjøp. Ytterlegare kostnader som seljar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøper ikkje bere.

4 Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge parter når kjøparen har sendt bestilling til seljaren.

Avtalen er likevel ikkje bindande om det har førekomme skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen sin bestilling, og den anna part innsåg eller burde ha innsett at det førelåg ein slik feil.

Etter avtalen er inngått og ordren er lagt inn, går den rett til seljars lager, og det er ikkje mogleg for seljar å endre eller slette bestillinga. Me ber derfor kjøparen være sikker på at adresse og info er oppdatert og korrekt. Angrar kjøpar på kjøpet, sjå punkt 8 om angrerett.

5 Betalinga

Seljar kan krevje betaling for varen frå det tidspunkt den blir sendt frå seljaren til kjøpar.

Dersom kjøpar bruker kreditt- eller debetkort ved betaling, kan seljar reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belasta same dag som varen sendes.

Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen lagt ved forsending av varen. Betalingsfristen framgår av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.

Kjøpar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgjande faktura.

6 Levering

Levering er skjedd når kjøparen, eller hennas/hans representant, har overtatt varen.

Om ikkje leveringstidspunkt framgår av bestillingsløysinga, skal seljar levere varen til kjøper utan unødig opphald. Varen skal levast hos kjøparen med mindre annet er særskilt avtalt mellom partane.

Uavhenta pakker

Årethun Foredling forbeheld seg retten til å krevje et gebyr på 200 kr når uavhenta pakkar returnerer til oss.

7 Risikoen for varen

Risikoen for varen går over på kjøper når han, eller hans representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

 

8 Angrerett

Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av varen i samsvar med angrerettloven.

Kjøparen må gi seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen begynner å løpe. I fristen inkluderast alle kalenderdagar. Dersom fristen ender på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, forlengast fristen til nærmaste vyrkedag.

Angrefristen er gyldig om melding er sendt før utløpet av fristen. Kjøper har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).

Angrefristen begynner å løpe:

  • Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen løpe frå dagen etter varen(e) er mottatt.
  • Består kjøpet av fleire leveransar, vil angrefristen løpe frå dagen etter siste leveranse er mottatt.

Angrefristen utvidast til 12 månader etter utløpet av den opprinnelege fristen dersom seljar ikkje før avtaleinngåing opplyser om at det føreligg angrerett og standardisert angreskjema. Tilsvarande gjeld ved manglande opplysning om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å nytte angreretten. Sørger den næringsdrivande for å gje opplysningane i løpet av disse 12 månadene, utløpar angrefristen likevel 14 dagar etter den dagen kjøparen fekk opplysningane.

Ved bruk av angreretten må varen leverast tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøpar dekker dei direkte kostnadene ved å returnere varen, med mindre annet er avtalt eller seljar har unnlat å opplyse om at kjøper skal dekke returkostnadane. Seljaren kan ikkje fastsette gebyr for kjøparens bruk av angreretten.

Kjøper kan prøve eller teste varen på ein forsvarleg måte for å fastslå varens art, eigenskapar og funksjon, utan at angreretten faller bort. Dersom prøving eller test av varen går utover kva som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på varen.

Seljaren er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om kjøparens slutning om å nytte angreretten. Seljar har rett til å holde tilbake betalinga til han har mottatt varene frå kjøparen, eller til kjøper har lagt frem dokumentasjon for at varene er sendt tilbake.

Fyll ut angrerettskjema og send skjemaet via e-post til arethunforedling@gmail.com. Husk å legg følgjeseidelen saman med varen når du returnerer, og bruk gjerne den pappeska varen kom i.

Produkta returnerast direkte til oss. Adressa er: Årethun Foredling AS, Strendene 9, 6887 Lærdal.

Ved retur av heil og uskadd vare, betaler du porto sjølv.

Om varen er skada, ber vi deg om å kontakte oss på arethunforedling@gmail.com, slik at vi kan sende deg ein returetikett. Denne gjer at du kan sende varen i retur utan å bære portokostnaden sjølv. Me vil erstatte den skadde varen med ein ny så fort som mogleg, dersom dette er mogleg. Om dette ikkje let seg gjere, vil vi snarast ta kontakt med deg.

9 Forseinking og manglande levering - kjøparens rettigheiter og frist for å melde krav

Dersom seljaren ikkje leverer varen eller leverer den for seint i høve avtalen mellom partane, og dette ikkje skyldast kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i høve reglane i forbrukarkjøpsloven kapittel 5 etter tilhøve halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Ved krav om misleghaldsfullmakt bør meldinga av bevishensyn være skriftleg (for eksempel e-post).

Oppfylling

Kjøper kan fastholde kjøpet og krevje oppfylling frå seljar. Kjøper kan likevel ikkje krevje oppfylling om det finnast ein hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre ein så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til kjøparens interesse i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøper likevel krevje oppfylling.

Kjøparen taper sin rett til å krevje oppfylling om han eller hun venter urimeleg lenge med å fremme kravet.

Heving

Dersom seljaren ikkje leverer varen på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppfordre seljar til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Om seljer ikkje leverer varen innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.

Kjøper kan likevel heve kjøpet direkte om seljar nektar å levere varen. Tilsvarande gjelder om levering til avtalt tid var avgjerande for inngåing av avtalen, eller om kjøparen har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Leverast varen etter tilleggsfristen forbrukaren har satt eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåing av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.

Erstatning

Kjøparen kan krevje erstatning for lidt tap som følge av forsinkelsen. Dette gjelder likevel ikkje om seljar godtgjer at forsinkelsen skyldast hindring utanfor seljars kontroll som ikkje med rimelegheit kunne blitt tatt i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgene av.

10 Mangel ved varen - kjøparens rettigheiter og reklamasjonsfrist

Om det føreligger en mangel ved varen må kjøper innan rimeleg tid etter at den ble oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gi seljar melding om at han eller hun vil påberope seg mangelen. Kjøper har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen ble oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøper overtok varen. Dersom varen eller deler av den er ment å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom varen har en mangel og dette ikkje skyldast kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i høve til reglene i forbrukarkjøpsloven kapittel 6 etter høve holde kjøpesummen tilbake, velgje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering
Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljer kan likevel motsette seg kjøparens krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller gir seglaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal føretakast innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å foreta meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag
Kjøper kan krevje et passande prisavslag dersom varen ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneberer at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarer til forholdet mellom tingens verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunner taler for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelens betydning for kjøparen.

Heving
Dersom varen ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

11 Seljarens rettigheiter ved kjøparens misligheld

Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller de øvrige pliktane etter avtalen eller loven, og dette ikkje skyldast seljaren eller forhald på seljarens side, kan seljaren i høve reglene i forbrukarkjøpsloven kapittel 9 etter høve halde vara tilbake, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren vil også etter høve kunne krevje renter ved forsinka betaling, inkassogebyr og et rimeleg gebyr ved uavhenta varer.

Oppfylling
Seljar kan fastholde kjøpet og krevje at kjøparen betaler kjøpesummen. Er varen ikkje levert, taper seljaren sin rett dersom han venter urimeleg lenge med å fremme kravet.

Heving
Seljar kan heve avtalen om det føreligger vesentleg betalingsmisleghald eller anna vesentleg misligheld frå kjøparens side. Seljer kan likevel ikkje heve dersom hele kjøpesummen er betalt. Fastsett seljar ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betalar innan denne fristen, kan seljer heve kjøpet.

Renter ved forsinka betaling/inkassogebyr
Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i høve avtalen, kan seljar krevje renter av kjøpesummen etter forsinkingsrenteloven. Ved manglande betaling kan kravet, etter forutgående varsel, bli sendt til Kjøper kan da bli haldt ansvarleg for gebyr etter inkassoloven.

Gebyr ved uavhenta ikkje-forskuddsbetalte varar
Dersom kjøparen unnlèt å hente ubetalte varer, kan seljar belaste kjøper med et gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke seljars faktiske utlegg for å levere varen til kjøparen. Et slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparen under 18 år.

12 Garanti

Garanti som gis av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettigheiter i tillegg til de kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. En garanti inneberer dermed ingen begrensningar i kjøparens rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

13 Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamlede personopplysningar er seljer. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningsloven, berre innhente og lagre de personopplysningar som er nødvendig for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalen. Kjøparens personopplysningar vil berre bli utlevert til andre om det er nødvendig for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.

14 Konfliktløysing

Klager rettes til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukerrådet for mekling. Forbrukerrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no

Europa-Kommisjonens klageportal kan også brukast om du ønsker å inngi en klage. Det er særleg relevant, om du er forbruker og bur i eit anna EU-land. Klagen vert inngitt her: http://ec.europa.eu/odr.